profeteneHandlinga i romanen foregår i Danmark-Norge og på Grønland på 1700-talet, og følgjer den norske teologistudenten, seinare presten, Morten Falck. Etter studiane i København reiser Falck til Grønland der han skal vere pastor i kolonien Sukkertoppen. Der ventar det han eit hardt liv. Han er ikkje førebudd på å møte eit samfunn så prega av naud, fyll og vold. Falck sjøl er ikkje fri for synder, men dei moralreglane han kjenner, ser i det heile tatt ikkje ut til å gjelde her. Kulden, mørkret og einsemda tek også på. Han tyr til alkoholen, og blir etter kvart ganske nedbroten. Så mye meir om lagnaden til Morten Falck skal eg ikkje gå inn på her, men han får i alle eit svært mangslungent liv.

Boka gir eit interessant innblikk i korleis to kulturar kolliderer, på eine sida kolonimakta Danmark og på andre sida Grønland, som er kolonisert av Danmark, og dermed veslebror her. Dei innfødte blir sett ned på av danskane og blir omtala som «ville». Men, kven er eigentleg ville og primitive? Dei danske representantane oppfører seg langt i frå «sivilisert» og sympatisk, heller ikkje presteskapet.

«Profetene i Evighetsfjorden» er ei fantastisk og frodig forteljing å lese, men du må tåle ein del skildring av skitt, lort og brutalitet. Kim Leine fekk i 2013 Nordisk råds litteraturpris for boka.

Translate »